Mine innstillingar står på kommunikasjon på epost ikkje tillat. Likevel spammar de meg ned med info om kva eg kan gjere i Bergen @vygruppen
86
Tre epostar kjen det forsi eg kjøper ein togbilett i ekn app.
Kvitteringa er alt i appen eg blir påtvungen.
Dette er hysteri. Eg treng ikkje dette fjaset og vil ikkje ha jobben med å sletta dette fjaset.
Både bilett og kvittering. Eg forstår ikkje behovet.
@vygruppen
2
13
2,116
Halveges
Starten var villt trå, så har det teke seg bra opp og eg kosar meg og gler meg til resten
2
2
241
Eg fekk eit innfall og kjøpte 1-5 på finn.
Så langt nokon lyspunkt og ein masse pjatt. Uviss på kor langt eg kjem.
4
14
502
Det går fint ann å la vera å følga med på kva desse to kjendisane gjer
Eg har ikkje fått med meg hendingane kronikkforfattar synest er problematiske fordi eg heller brukar tid på eige liv enn å sjå andre sine stories
3
235
Eg la ifrå meg denne boka etter 100 sider
Eg synest den er kjedelig. Eg har ingen draum om å henga rundt i villmarka og jakta. Eg greier ikkje leva meg inn i historia og eg er uinteressert i hovudpersonen. Språkmessig bra skrive bok.
2
7
278
Min jobb nr3 var på bensinstasjon. Dette var ein veldig fin arbeidsplass med bra sjefar. Eg har ingen bilete frå meg sjølv som pølseselgar, så de får berre tru meg. Pølseselgar Hylland!
Eg selda bøttevis med ostepølsa med bacon og wiener. Bamsedrikk! Det var ein fin plass der vesle generte ungdomms meg fekk øva seg på kundekontakt og salg, og ikkje berre var stua vekk på baksida.
Det var på mange måtar bygda sin møteplass. Så det var mange kundar å hugsa på. Her kom eg litt til kort til tider. Men eg lærte vanane til mange folk.
Eg laga baguettar. Dei har faktisk veldig bra baguettar på den stasjonen den dag i dag. Trur dei er heilt like framleis, kvifor endra noko som funkar?
Dette her var ein bra helge og feriejobb eg hadde til godt inn i læretida. Som lærling tjente eg lite med pengar og trengte meir når eigen bil kom inn i bilete.
Med meir inntekter kjem og ein viss livsstilsinflasjon. Det er umulig å ha jobb med oppmøte på natta utan eigen bil.
Alle desse jobbane eg har hatt før eg starta med læretida har vore bra for meg. Eg heiar på det at ungdom skal tidleg ut i arbeidslivet med ansvar for å utføre sine oppgåver.
Eg er imot heiltidsstudenten som kun skal gjere universitet. Ein mistar så mykje oå vegen med å ikkje ha kontakt med arbeidsliv og ansvar for eigne oppgåver.
Det å ha jobb var ikkje minst eit pusterom frå ein vanskeleg skulekvardag der eg ikkje passa inn nokon plassar.
1
12
691
Min andre jobb var kombinert oppvask og stuepike på eit anna hotell. Eg fekk meir lønn der, hugsar ikkje kor mykje meir
Det kom godt med, for eg flytta på hybel hausten etter jobben for å gå på VGS. Ansvarleg for mat, husleiga og transport sjølv, med stipendet som ikkje var stort nok. Så eg måtte ha lønna å spe på med.
Eg elska det å jobba i oppvasken. Det var mykje folk og travel stemning på kjøkkenet. Det var tungt arbeid, mykje løft av tallerkar og møkete ting. Eg var ikkje så skvetten for det på den tida. I dag fiksar eg ikkje lukta av oppvask.
Det var eit internasjonalt miljø med mange folk som hadde reist mykje. Eg fekk reiselysta tent, og det førte meg til Kina og Australia og andre land seinare.
Eg likte å gå i eit meir blanda miljø enn på skulen, og eg likte meistringskjensla av å gjera noko.
Eg vaska rom, toalett og tallerkar. Eg var aldri servitør. Eg har dårleg trente eigenskapar for å bæra ting beint utan å søla den dag i dag. Så det er ingen sorg for meg.
Eg hadde mykje energi, men var dårleg på å disponera krefter. Så eg var kjempesleten meir enn ein gang i løoet av sommaren og hausten.
Eg lærte tidleg det å tjena og disponera einge pengar. Eg har tidleg sjønt at eg sjølv er ansvarleg for eigen økonomi, og eg har alltid hatt stor arbeidsiver. Eg har aldri vire blakk, og takkar tidleg arbeidsliv for det.
11
731













